Vår verd – tverrfagleg undervisning i virkeligheten

Heimstaden i hundre år

Ved å ta utgangspunkt i lokalsamfunnet og undersøke endringane gjennom fire generasjoner, vil elevene engasjere seg i realfaglige problemstillingar.

Eleven


Møter faga praktisk, aktivt, utforskande og utviklande. Ein del av programmet er individuelt og personleg: dokumentere ei bygning som har vore tilknytt slekta i lang tid. Den andre delen er felles for elevgruppa: korleis har heimstaden vår utvikla seg? Korleis var naturen her før, kven levde her, kva levde dei av, korleis levde dei? Vi må finne dokumentasjon, snakke med folk, observere, berekne, anta, lese, fotografere, skrive, søke, lage modellar, samanlikne, måle, bruke kjelder – i det heile; utforske, undersøke og beskrive etter vitskapleg metode.


Læraren


Er nøkkelen til eit godt undervisningsprogram. Her må ho samarbeide med alle kollegaene på trinnet, kanhende på heile skolen, og ha leiinga med seg. Det blir òg naudsynt med samarbeid ut over skolen, både med einskildpersonar og institusjonar. Føringane i læreplanen er at faget skal spele inn til tverrfaglege program på eigen premissar, og slik at det styrker faget.
Ein arbeidsmåte kan vere at det blir lagt ein periode- eller temaplan, så blir det undervist i klassane, og i siste del blir elevane sine produkt sett saman:

Programmet innheld òg eit framlegg om ein individuell del. Eleven finn fram til ei bygning som er, eller har vore, knytt til familien. Eleven dokumenterar bygnigna, med historie og fysiske fakta.

Biletserien under gir innspel og framlegg til korleis eit prosjekt om heimstaden i hundre år kan vere. Til sist er det tatt med ein tabell, som viser læreplantema som grunngir og legitimererer det tverrfaglege temaet.


Posted

in

by

Tags:

Comments

3 responses to “Vår verd – tverrfagleg undervisning i virkeligheten”

  1. […] Vår verden – tverrfaglig undervisning i virkeligheten Ein dag i fjæra Digitalt feltarbeid […]

  2. […] Siden ‘vår verden’ har det historiske perspektivet som hovedtema. Studier av nærområdet vårt gjennom hundre år kan gi god innsikt i naturgrunnlag, arealbruk og verdiskaping. […]

  3. […] til ‘Vår verden’, som er tema på en egen side, er et undervisningsobjekt i seg selv. Den er laget til formålet, med hensikt å gi […]

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *