“Enkle observasjonar gir god læring i systematikk, botanikk og økologi”
Purpurlyngen lyser mot den blå sommarhimmelen og det grå berget. Purpurlyng toler lite frost, og veks helst der januarmiddelen er over +1. Vi finn han ytst mot kysten, i eit smalt belte i vest-Noreg.
Røsslyngen er mest kjend, og ein nasjonalplante i Noreg. Ordet ‘Røss’ er gamalnorsk og tyder ‘hest’. Lyngen vart nytta til dyrefor opp til 1900-talet. Pleie av lyngmarka var viktig i kyststroka, og eit vesentleg trekk i kulturlandskapet. Lyngen vart svidd av når han blei for gamal, slik at friske planter kunne vekse opp. Lyngsviing til rett tid og slik at frø blei verande att i jorda, er ein kunst svært få kjenner i dag. Lyngheien er under strekt press, og krev særskild vern.
Klokkelyng blir òg kalla poselyng. Blomsten er som ei klokke eller bjelle. Fargen er noko veikare enn purpurlyngen. Blomstereng med klokkelyng er eit vakkert syn.
Lyng og læring
Elevane får eit enkelt startpunkt; finne fram til,og skilje frå kvarandre tre nokså like lyngartar. Med observasjon, samanlikning og oppfølgjande studier lærere elevane litt systematikk, økologi, botanikk og spreiingsøkologi. Først litt meir om lyng og dei tre artane:
Lyng er vedaktige buskar. Før vi går ut, kan vi gjere det klårt at vi skal orientere oss i planteverda. For å finen fram, må vi orientere oss. Det finst
Blomsterplanter | Blomsterlause planter |
Lyng har blomster, og er blomsterplanter. Av desse finst det
Einfrøblada planter. Har smale, linjenerva blad – gras, liljar | Tofrøblada. Breiare blad, med greina nervar |
Lyng er altså tofrødablada blomsterplanter. Dei skil seg frå urtene ved å ha treaktig stengel. (Urter har mjuk stengel.) Føremålet med aktiviteten her, er å få til eit meingsfylt, engasjerande utearbeid etter å diksutert systematikken inne. Elevane blir bedne om å gjere obervasjon og samanlikning ute. Finn vi alle tre lyngartane, eller kanhende to av dei? Kva bruker som kjenntein for å skilje dei frå kvarandre? Er det ein som dominerar, har dei ulike krav eller område? Blømer dei til ulike tider og ulikt lenge? Vi har avgrensa oss til tre lyngartar, men tanken er at metoden lett kan overførast til andre plantegrupper. Finne fem eller ti norske treslag, sjå om vi har både kvitsymre og skogstjerne om våren, finst det både gras og starr-artar hos oss, har vi dei blomsterlause plantegruppene representert – bregner, sneller og kråkefot?
Røsslyng
Artikkel med artstre, informasjon og observasjoner på miljølære.no
https://www.miljolare.no/artstre/?or_id=602
Lyngheiene er truga av tilgroing og arealendring. Den gamle bruksmåten med hausting og brenning kvart 15-20. år er for det aller meste vekke. Bier og humler besøker dei lilla, nektarhaldige blomane, og sørger for pollineringa. Røsslyng kan også bli pollinert av eit lite insekt kalla trips. Frøspreiinga skjer ved hjelp av dyr som drar frøa med seg. Blømingstida er frå ettersommaren og utover. Røsslyng var Ole Bull sin favorittblomst. Framleis blir det tatt inn røsslyng til villaen hans på Lysøen, på dødsdagen hans, 17. august.
Klokkelyng
Om næringstilhøva i lyngmarka endrar seg, kan klokkelyngen ta over for røsslyngen. Klokkelyng veks langs kysten. Blomsten er rik på nektar. Insekt kryp inn i blomsten, og sørger for pollineringa.
Purpurlyngen vil ha januarisoterm over 0o . Veksestaden her er typisk – i eit berg heilt ut mot havet. Om røsslyng og brake blir haldne nede – av bruk, klimaet eller skjøtsel – kan purpurlyngen dominere fjellsida.
Leave a Reply