Ein dag i fjæra

Verdas tøffaste livsmiljø:

Strandsona

Planter og dyr frå fjæremålet til tørt land

Vått, tørt, bølgeslag, is, saltvatn, vind – dei som klorar seg fast i sona mellom flo, fjære, bølgeslag og djupne må tole det meste – fleire gonger i døgnet.
Det er skilnad på fjærer – det kan vere roleg og stilt, eksponert og barskt, stor skilnad på høg- og lågvatn, svaberg og bratt, sand og langgrunt – vi kjenner variasjonen.

Korleis undersøke liv og livsmiljø her, saman med elevane?

Nokre øvingar som kan vere ei tilnærming

1 – Systematikk. Algar, planter og dyr. Brunalgane dominerer i fjæresonen. Lav kler svaberget. Halofile planter og andre med god tilpasning tar over like over skvalpesona. Sniglar har eitt skal, skjel har to, begge høyrer til blautdyra. Fjæra er òg levestad for mange krepsdyr. Observere, samle inn og sortere dyr, plantar og algar er ei fin øving om biologisk mangflad, systematikk og tilpasning. Du kan tilnærme deg etter målsetting og alder; sortere etter eige eit sytem elevane finn fram til sjølve, etter enkel inndeling som plante/dyr, skal/ikkje skal, fastsitjande/bunnlevande/frittsymjande – eller etter vitskapleg inndeling i klasse, familie slekt. Det er bra at vi kan halde dyra levande under observasjonen -ha dei i kar med sjøvatn, og la dei kome i sjøen igjen straks feltarbeidet er ferdig.

2 – Sonering. Eit ti meter langt tau, strekt frå nedste fjæremål og oppover i vegetasjonen vil gi ein god representasjon av livsformer på staden. Gå ut ein halv meter til kvar side, og teikn inn funn på kart.Ta bilete, lag dokumentasjon. Samanlikning på ulike stadar, og i ulike fjærer (eksponert/stille) gir bakgunn for å vurdere tilpasning

.

Her har elevane framstilt soneringa på ei finérplate.

3 – Abiotiske faktorar. Vurder himmelretning, avstand mellom flo og fjære, høgd på bølgeslag og -skvettsone, eksoneringsgrad, berggrunn, tilsig av ferskvatn, lystilhøve og anna du meiner har innverknad på livsmiljøet (for eksempel menneskeleg aktivitet). Måle saltinnhald.

4 – Graving. Ta opp og sile sand, grus og mudder. Eller sjå etter teikn til fjøremakk og anna som skjuler seg i mudderbotn.

5 – Eiga forskning. Elevane set opp ei problemstilling til utforsking. Eksempel: kva arter lever på andre arter? Kva er likt og ulikt hos snigle-artane vi finn? Kva kan albuesniglane leve av? Kvifor er det tettare med rur nokre plassar? Kor stor kraft er det i tidevasstraumen og bølgeslaga?

6 – Leppefisk og anna fisk i fjæra. Strandnot, teine eller fiske.

7 – Registrering av funn på Miljølære sin aktivitet ‘Livet i fjæra.. Her finst òg omfattande rettleiing, og kompendium for både lærarar og elevar om livet i fjæra.

Du kan òg bruke Havforskningsinstituttet sin skoleportal, som er kopla saman med miljølære.

8 Håvtrekk Bruk ei trekantskrape, eller vanleg håv, og dra opp det som kjem med. Sortér funna, både for kvart trekk og i høve til eksponering, botn og anna på stadane de undersøkjer.


9 Gopro eller anna undervasskamera

Med et undervassbilete får du eit heilt anna inntrykk av tareskogen. Under ein video frå eit eksponert svaberg der Nordsjøen står rett inn.

10 ROV

Med ein liten ‘ubåt’ ser du meir, og kan gjere opptak frå djupet. Dette er type ‘Blueye’, som Bergensskulane har nokre av. Meir om teknologi i feltarbeidet i ei anna post på sida.

Introduksjon til undervassdronen, og døme på opptak frå 10 meter djup.


Posted

in

by

Tags:

Comments

2 responses to “Ein dag i fjæra”

  1. […] verden – tverrfaglig undervisning i virkeligheten Ein dag i fjæra Digitalt […]

  2. […] næringstilgang, våtmark, jordsmonn… Med noen forkunnskaper, med egne problemstillinger og med Ein dag i fjæraet tilfang av metoder for observasjon og dokumentasjon kan elevene orientere seg og boltre seg ute. […]

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *